Islykter…

er gøy!!! Lek med vatn og ballongar:) Forutsetningen er sjølvsagt minusgrader… Forrige veke var det skikkelig kaldt, og heldigvis for islyktene er det framleis det… Laga rundt 30 stk, med litt variasjonar som står rundt omkring i hagen og ved butikken. Veldig koselig når det mørknar, å kikke rundt seg utanfor.
 
 
 
Oppskrifta er enkel. Fyll ein ballong med vatn, jo meir vatn, dess større vert lykta.

 
Set balllongen oppi ei lav skål, slik at den står. (eg brukte dessertskåler) Blås litt luft i ballongen, og knyt att ballongen. Mykje luft gjer stor flate, litt luft gjer mindre.

 
Set ballongen ut i kulden. Ved ca 10 minusgrader, tek det 12-14 timar før lykta er klar, men ved 4-5 minus bør den stå nesten 24 timar.

 
Ta ballongen inn i vasken, (fordel med stålvask) og sprekk ballongen. Velg om topp eller bunn skal vere opningen til lykta. Stikk ein kniv eller lignande gjennom isen, for å lage eit hol til å tømme ut vatnet. Holet kan knusast større med ein liten hammar eller liknande, men ver forsiktig!

 
Ta lykta ut av vasken, og la varmtvatnet renne ei stund, før du set lykta med opningen ned, i vasken. Før lykta att og fram, til du har smelta ein fin opning.

 
Ta lykta ut i kulden igjen, set den der den skal stå med ein gong, dei frys fort fast!!
Fordel å bruka lys som ikkje vert so varme, telys smeltar hol i bunnen på eit øyeblikk.

 
Eg fann oppskrift på islyktene hjå den alltid inspirerande Anne på Moseplassen.  Ho har lagt ut ein video som viser framgangsmåten:)
So får me håpa på kuldegrader ei stund til framover….
 
Lukke til!
 
 
Ingvill