Magnolia – Urtidstre

 
 

Praktmagnolia

Magnolia x soulangeana

Dette er eit lauvtre eller ei busk med opprett vekst, og kan bli ein kraftig, flott Magnolia. Denne Magnoliaen vert mellom 3 og 5 meter høg, men kan og beskjærast for å redusera storleiken. Blomstrane har «tulipanform», er krem-rosafarga, og blomstrar på bar kvist, eller akkurat når blada sprett i mai. I tillegg duftar blomstrane godt :)
Magnolia x Soulangeana trivest best på ein vekseplass med mykje lys. Den likar sur jord, men føretrekkjer humusrik, kalkfattig jord.

 

Stjernemagnolia

Magnolia stellata

Denne sorten har tett og brei buskform, og blir ca. 2–3 meter høg. Blada er kraftig grønne, med bølgete kant. Blomstrane er kvite og store, 7-8 cm. Som oftast blomstrar den i april, på bar kvist. 
Også denne likar mykje lys. Likar seg med humusrik jord, på ein lun vekseplass.

 

Magnolia ‘Susan’

Magnolia ‘Susan’

Dette er ei busk med vanlig opprett, tett vekseform. Magnoliaen blir ca. 1,5-3 meter høg.
Den har stive kvistar, blomstar med mørkerosa/lilla blomster i mai-juni. Som andre magnoliar trivst den på lun solrik plass, med kalkfattig jord.
 
Me har alle desse tre Magnoliaen i butikken no, og framover er dei på tilbud;
– 50%
 
 
:)
 
Ingvill&Ailin