Kan du gjera nåke gøy med denne?

Av og til får ein oppgåver litt utanom det vanlige. Det er sjølvsagt veldig kjekt, og med frie tøylar, kan ein virkelig ta seg ut:)
Denne kassen kom på disken ein fredag, og spørsmålet var; Kan du gjera noko gøy med denne?
Ja! Sjølvsagt kan eg da! 
Med eit budsjett og forholda seg til, og ein viss hentydning til størrelse, fekk eg ellers frie tøylar :)
Resultatet vart altså eit blomsterarrangement, i lilla,grønt og rosa.
Kva som helst kan dekorerast med blomster, kun fantasien begrensar…
Ynskjer du noko blomsterdekorert, ta kontakt, me hjelper deg gjerne!
Sjå og heimesida www.blomsterverkstaden.no  /Flaskedekor, for meir inspirasjon!
Ingvill

Eg er så glad…

…i desember! Desember er ei herlig tid i blomsterbutikken,til tider hektisk, men det er jo så gøy! Butikken er fylt med lekre blomster,og julepynt i all slags fargar og stilar. Ugler, fluesoppar, istappar og snøfnugg…Nissar, englar, fuglar og kuler… Rødt, kvitt, sølv, gull, lilla og brunt. Glitter og stas :) 





Skjønne fluesoppar i keramikk til telys; 79,-



Lekker stor fluesopp i glass, vart solgt før eg eingong rakk å legga den ut… :) På sida står Stovegran, fin grønn plante, ser ut som eit juletre, så den passar fint no i desember!
Fiiiiine!
Ein vakker dørkrans hører jula til, Blomsterverkstaden lagar i mange forskjellige størrelsar og med ulike fargar og dekor. Bildet viser ein tradisjonell dørkrans med Nobelgranbar, lerk, konglar, dompapar og sjølvsagt raud sløyfe :)
Kule Stovegranar :)
Blomsterverkstaden lagar julegrupper og pyntar juleblomster i mange ulike variantar. Hjå oss finn du noko for einkvar smak:) Me leverar blomster i  Radøy, og formidlar blomster til heile Norge.
Ynskjer du å bestille blomster, ta kontakt på telefon 56370200 eller send ein epost til post@blomsterverkstaden.no
Sjå og heimesida vår www.blomsterverkstaden.no
Ingvill

Brudebukett og bryllupsblomster i kvitt, champagne og Marinens farger!

 
For ei tid tilbake, hadde me gleda å dekorera til Trude og Arnth sitt bryllup. Sjølv om me ikkje kjente brudeparet frå før, gav de oss meir eller mindre frie tøylar. Brura sin flotte kjole var gylden, og brudgommen skulle bruke Marine-uniform. Brudeparet skulle vigslast i Haakonsvern kyrkje, og festmiddagen holdast på Bellevue i Bergen. Fargane kvitt, champagne, gull og blått vart eit naturleg val, med Marine-uniformen og brudekjolen som utgangspunkt. På bryllupsdagen reiste eg avgårde, med gode hjelparar, og dekorerte borda først i den blå salen på Bellevue, og derettter kyrkja på Haakonsvern. Veldig kjekt og spennande:)
 
 
 Brudebuketten hadde mange detaljerte element, først ei sydd rose i champagnefarge, så ei sydd Marthalilje, med mansjett av gull. Lyse champagnefarga Phalaenopsis-orkidear, detaljar av Gypsophila, diamanthjerter og blå perler. 

 
Henget, som kjem ut av skaftet, vart laga av lengdar med chiffonbånd, Nellik-kronblad, Rose-kronblad og Gypsophila.
 

 
 Haakonsvern kyrkje, fantastisk fin! Me laga store søylebukettar med Gladiolar, Roser, Gypsophila, Steelgress og Marthaliljer med gullmasjett, og alterbukettar i same stil.
 
 
 
©
 

 
©
 
 
På ei rekkje av stolradene nedover langs kyrkjegolvet hadde me laga små bukettar med Gypsophila, Marthaliljer, strå og blå perler.

 
På Bellevue skulle me dekorera fire store runde bord. Laga høge dekorasjonar i stettglas, med Marthaliljer, Gypsophila, Roser, Phalaenopsis-orkidar, strå, gullkvistar, perler og chiffonbånd med pålimte Rose-kronblad. Sjølve bordet blei strødd med gullsteinar, Nellik- og Rose-kronblad, blå perler, blått silkebånd og kvite telys.

 
Den blå salen på Bellevue er utrulig fin, gjennomført ned til minste detalj. Og for ein utsikt!
 
 
Nærbilete av dekorasjonane.
 
 
 
Nydelig farge på Phalaenopsis-orkideane!

 
Bordet ferdig dekka i all si prakt.
 

 
Nærbilete av brudebuketten. De blå perlene i forskjellige størrelsar, dannar eit mønster utover de forskjellige Marthaliljekronblada.
 
 
 
Brudeparet!
© 
 
 
Ingvill
 

 

Brudebukett med lilla orkide Vanda «Black Magic Purple»

 
Ein hektisk bryllupsesong nærmar seg slutten, sjølv om me framleis har nokre bryllup å sjå fram til:)
I juni laga me blomsterdekor til Cesilie og Bjørn Helge sitt bryllup, med lilla Vanda «Black Magic Purple» som hovudblomst. Den er berre så eksotisk og lekker, med fantastisk fargespel i ein og same blomst.

 
Brudebuketten hennar bestod av Vandaorkidear, minisukkulentar «Oreostachys», Hjertegress «Brize Media», lilla streng, sølvstreng og kvite perler.
 
 
 
Brudgommens corsage var ein enkel Vandaorkide, pynta med sølv, og kvit perle.
 
Borddekorasjonane, 8 i talet, vart laga med ulike lilla blomster. Lave, avlange dekorasjonar kler eit bryllupsbord godt, dei gjer mykje ut av seg, utan å forstyrre det som skjer ellers.

 
Me brukte Lisianthus, Levkøyar, Plumoses, Limonium, Hosta, Clematis, Vandaorkidear og harlequin-Hortensia i ulike lillatonar.

 
Lekkert fargespel og mønster i orkideane…
 

 
Clematis…

 
Harlequin-Hortensiane hadde utrulig mange fargar på ein og same blomsterstilk. Nokre var ganske lilla, andre nesten heilt kvite.

 
Brura hadde sett hjerter som me laga til eit bryllup tidligare i år, dei var då kvite. Ho ønska seg noko liknande, med litt meir rustikt utrykk, og gav oss frie tøylar.

 
Resultatet blei desse hjerta som me laga med Syrengreiner, og pynta med lilla Limonium og Vandaorkidear.

 
Hjerta blei brukt som kirkepynt, først inne, så ute, og seinare pryda dei festlokalet.

 
©
 
Ønskjer alle ein fin kveld, fleire bryllupsblomster på bloggen kjem snart:)
 
Ingvill
 
 

Brudebukett i lilla med Hortensia og Orkide’

 
Den vakre brura Marit med sin brudebukett…
Ho ønska seg Hortensia i fargen antikk lilla. Undersida av brudebuketten er kledd med lys lilla Calluna-lyng. Me har og brukt den veldig flotte Vanda-orkideen «Black Magic Purple» i buketten.
Marit sin brudekjole var utrulig fin, med stort skjørt, fleire lag og mange detaljar. Me valde då å lage ein litt stor brudebukett, med rein rund form, utan heng, for å skape fin balanse med kjolen.
 

 
 

 
Nærbilde, her viser detaljar av strass-sommarfuglar i lilla og sølv, og eucalyptuskvistar.

 
Corsage/Knappholsblome til brudgom, forlovar, brudens far og brudgommens far.

 
Me var og avgarde og pynta kyrkja. Laga to store hjarter av lilla Calluna-lyng, og dekorerte de med Vandaorkidear, og Eucalyptus.

På alteret satte me enkle stilkar med Hortensia.

 
Hjartene stod på kvar si side av trappa som går opp til alterringen. Desse blei brukt som dekor i festlokalet seinare på dagen.

 
Brura hekla superfine «vasar», kledde glas med desse, og dekorerte med silkebånd, perler og papirblomster.

 
Me sat oppi Hortensia, Vandaorkide’ og pynta med Eucalyptus og kvite perler.

 
De nygifte!
 
 
©©©
 
Ingvill&Ailin
 
 

Brudebukett med «Memory Lane» roser

Rund handbunden brudebukett med «Memory Lane» roser, og calla «Crystal Blush». Dekorert med perler og sølvhjarter. Rosestilkane fungerar som skaft til brudebuketten, med lilla bånd på.

 
Corsage/knappholsblome til brudgom/forlovar/fedre/brudesvennar osv.

 
Nærbilete av kirkepynten.

 
Kvite tre av syringreiner, med små lilla kunstige blomster, prydar kirka.

 
Lilla roseblader under trea..

 
Fint med dekor i kyrkja som gjer litt av seg :)

 
Bukettar på alteret. Desse dekorerar seinare i festlokalet.

 
Skjønnaste brudepika med ei lilla korg med roseblader ©

 
Her har brura fått sin brudebukett i hende…
©
©
©
 
Ingvill&Ailin
 
 
 

Brudebukett og bryllupsdekor…

 
…i lilla og kvitt… Ein lekker fargekombinasjon. Lilla er ein farge som finst i veldig mange fargetonar, og de aller fleste av de, passar fint saman. Brura er ei god venninne, og ønska seg kvitt og lilla. Utover det, gav dei oss frie tøylar. Brudekjolen var stilrein med lekre strassdetaljar. Me valgte å lage brudebuketten med ei sydd rose, såkalla «Glamelia», med mansjett og heng av Marmorlanterneplante (Ceropegia), lilla kronblader av Vanda-orkide’, strassdetaljar, lilla perler og sølvhjerter…
 
 
 
©©©
 
 
Til å dekorere kyrkja, laga me 6 tre av Syrin-greiner, som fekk luftig blomsterdekor i lilla og kvitt. Trea stod som ein alle’  langs midtgangen. Trea tok me med til festlokalet, der nokre av de stod utanfor inngangen, og de andre inne i salen.

 
Til alteret laga me store bukettar med Levkøy i lilla.

 
Brudebukett i dråpeform…
 

 
Corsagen/Knappholsblomen til brudgommen var ei rose, dekorert med kronblad av Vanda-orkide’ og eit strasshjarte.

 
Borddekorasjonar i kvitt og lilla sjølvsagt… På bordet strødde me i tillegg sølvhjarter, og lilla steinar.

 
Brudebuketten ligg på bordet foran brudeparet under middagen.

 
De nygifte!
©
 
 
 Og som brudeparet så fint sa det sjølv:
 
«Måtte lykken få gro
som graset bak do»
 
 
 
Ingvill&Ailin

Bryllupsblomster i champagne…

 
I juni 2012 gifta ei god venninne seg, og me fekk frie tøylar kva angjekk blomsterdekor… Ho valde seg fargen «champagne» som utgangspunkt. Kule-temaet var tidlig på plass, og både kirkepynt, bordpynt vart laga med ei eller anna kuleform. 

 
Slik såg alter-dekoren ut, store kuler med fylt Chrysanthemum, montert på glassvasar med sand, vatn og Gypsophila oppi. Seinare pynta me gangen i selskapslokalet med desse.

 
Store flotte 5-arma lysestakar vart leigd og brukt både i kyrkja og på festbordet. Champagnefarga lys, pynta med silkehjerter og kremfarga knappenåler.

 
De nygifte !

 
Me laga og knipper med forskjellige blomster som brura fekk med seg til frisøren. Lekkert å pynte håret med blomster på den store dagen :)

 
Brudebuketten i fanget på brura i kyrkja.

 
Mellom de store lysestakane står kuler av fylt Chrysanthemum, og mellom desse mengdar av telys i lyse fargar. Til slutt strødde me bordet med roseblader i forskjellige nyansar.
 
 
 
De lekre rosene heiter «Tinkerbell».

 
I lysestakane hang roser ilag med runde perler i forskjellige størrelsar.

 
Chrysanthemum-kule med roseblader.

 

 
Me laga kuler med Chrysanthemum i 3 forskjellige størrelsar. Som bordkort laga brura til chiffonposar med lovehearts.

 
Brudebuketten dekorerar bordet under middagen.

 
 

 
Sjølve brudebuketten blei laga som ein pendel. Rund kule av roseblader, og eit fluffy heng med chiffon-bånd, lause roseblader, roseknoppar, gypsophila og fremfarga perler. Nokre få Phalaenopsis orkidear oppå kula, og ned i henget….
 
 
 
 
Skal du gifte deg, og har spørsmål angåande brudebukett eller bryllupsdekor, ta gjerne kontakt:) Me gledar oss til å hjelpe deg!
 
 
Ingvill&Ailin
 
 
 

Kjærleiksbenken…

I April i år, under kulturdagane i Radøy kommune, skulle Kjærleiksbenken som står i Prestegarden på Manger innviast. Me hørte snakk om at den skulle hatt «litt pynt», og tilbydde oss å dekorera benken. Å lage slike arbeid er så kjekt, å kunne jobbe ute i stort format!
 

Her ser de benken ferdig dekorert før sjølve innvielsen. Hjerta er laga av bjørk som me fann i «hagen», og dekorert med kvite roser, blomstrande kvist frå plommetreet i Smedhagen og blå Perleblomster, Muscari Armeniacum, med løken på. Då heldt de seg lenge!
 
 



 
Detaljbilde, me festa og på eit lite kvitt hjerte av pil.
 

 
Kjærleiksbenken vart innvia av det då vordande brudeparet Lisa og Joakim, medan ordførar i Radøy Jon Askeland tala.

 
Slik stod benken ei god stund i Prestegarden, før hjerta til slutt måtte takast ned. Men Kjærkeiksbenken står der enno, i tilfelle nokon vil gjera bruk av den…til eit frieri kanskje?

 
 
Til slutt eit bilete av de fornøyde dekoratørane, som hadde ein kjekk dag i vårsola!
 
 
Ingvill&Ailin