Nostalgi…..

Eit av mine kjæraste barndomsminner, er at eg plukka bøkehamsar ilag med bestemor. Rett bakom blokka der besteforeldra mine budde stod eit svært bøketre, og under det stod ein benk og eit leikeapparat.
Mykje av tida ilag med bestemor blei tilbrakt i nærleiken av ein skog, eit tre, ei busk, eller ein blomst, og nasa var alltid retta mot jorda…  
Bestemor hadde stor skaparglede, holdt alltid på med eit eller anna. Porselensmaling, rosemaling, hekling, sydde noko, sådde frø, stelte med blomster og plantar. På eit tidspunkt fekk ho til og med ei rose oppkalla etter seg. «Fru Michelsens månerose».
Det er ingen tvil om at mykje av mi skaparglede kjem ifrå bestemor, og at mine kreative anlegg er arva hjå henne.
Det same gjeld blomstergleden, og mykje av kunnskapen om plantelivet.
Et av de første latinske blomsternavna ho lærte meg, Helleborus Niger, som er Julerose, er idag ein av mine absolutte blomster-favorittar.
Det eg egentlig skulle skrive om, var desse kulene av bøkehams. Det er mangemange år sidan eg laga den første, og det har blitt eindel sidan den gong. Nytt i år er desse kjempestore :)
Treng nødvendigvis ikkje pakkast vekk etter jul, dei er fine heile året. I butikken min, Blomsterverkstaden i Smedbrekka på Manger, har eg desse kulene i tre størrelsar. De aller største har eg kun to av, og eg kan med sikkerhet sei at om da skulle vere behov for fleire, treng døgnet fleire timar før jul!
Fin julegåve kanskje?
Ingvill.

Kan du gjera nåke gøy med denne?

Av og til får ein oppgåver litt utanom det vanlige. Det er sjølvsagt veldig kjekt, og med frie tøylar, kan ein virkelig ta seg ut:)
Denne kassen kom på disken ein fredag, og spørsmålet var; Kan du gjera noko gøy med denne?
Ja! Sjølvsagt kan eg da! 
Med eit budsjett og forholda seg til, og ein viss hentydning til størrelse, fekk eg ellers frie tøylar :)
Resultatet vart altså eit blomsterarrangement, i lilla,grønt og rosa.
Kva som helst kan dekorerast med blomster, kun fantasien begrensar…
Ynskjer du noko blomsterdekorert, ta kontakt, me hjelper deg gjerne!
Sjå og heimesida www.blomsterverkstaden.no  /Flaskedekor, for meir inspirasjon!
Ingvill

Eg syns at…

….lilla blomster er så fine!
Snart 2. søndag i advent, denne første veka i adventstida har flydd avgårde.
Lilla har vert fargen denne veka, viser idag nokre av de lilla blomsterarbeida :)
Dekorasjon med Memory Lane roser, lilla Vanda orkidear, voksblomst og lilla stjerner.
Desse stjerneskålene i glass har vert veldig populære, men har enno nokre få igjen :)
Her med dekorasjon i kvitt og lilla.
Anthurium er knallfine, og veldig undervurdert syns eg egentlig… De kjem i mange fine fargar,og står lenge :)
Denne dekorasjonen var til nybakte besteforeldre!
Adventsdekorasjon i lys lilla og kvitt, med lekre lys lavendelfarga vanda-orkidear.
Lilla julestjerner får du no til kun 49,-
Stor bukett med lilla nellikar og voksblomst, med et par englevinger til ei nybakt mamma…. Y
Kondolanse-bukett med kvite Amaryllis og lilla Vandaorkide.
Nellik «Moonlite»
Dekorasjon i lys lilla og grønt.
Englepar i kvitt og sølv.
Kvite englejenter.
Butikken bugnar no av blomster til advent og jul, julepynt, kranser til dør og grav.
Sjå og heimesida til Blomsterverkstaden AS : www.blomsterverkstaden.no
Og ynskjer du å bestille blomster, gjer du det enkelt på telefon 56370200 eller på epost
Ynskjer alle i fin helg,og fortsatt fin adventstid!
Ingvill 

Jula nærmar seg…

Allerede til helga er november over, og me går inn i julemånaden desember… Ei herlig tid, med fin stemning. Blomsterverkstaden har fått på plass det meste av julepynt og dekor, noko av det kan du sjå på julemessa i Radøyhallen på Manger i helga, ellers er du hjarteleg velkommen ein tur i Smedbrekka i butikken. Iløpet av neste veke kjem og nokre av juletrea eg merka tidlegare i høst. Sjølvsagt med konglar og! Her kan du lesa juletreinnlegget frå ifjor :) 

Lekker julepynt i tre fra Nordal. Sett med 4 design, 3 av kvar.
Fine englar i kvitt og sølv. 3 størrelsar
Blomsterverkstaden har stort utvalg av kransar til dør og vegg, inne eller ute. Her er ein med kvist og konglar.
Knallfine kvite kjeglenissar med grått skjegg. Heile 60 cm høge kostar 429 :)
Å lage kuler av bøkehams, har eg gjort i mange år. I år har eg også laga nokre skikkelig store :)
Mykje fin julepynt i glass,mellom anna desse snøkrystallane. Har også istappar,og glassfuglar.
Fin hest i lett-cement.
Kronhjortar i to størrelsar, skikkelig fine!



Lekre soppar i to størrelsar i ubehandla keramikk. Sa eg at de va lekre?!



No til helga, lørdag 30. november er det Julemesse i Radøyhallen på Manger,
fra 12-17!
Blomsterverkstaden er på plass, med stort utvalg i dørkransar og hjerter, mykje fin julepynt, juleblomster, adventsblomster, plantar til trapp og inngangsparti, dekorasjonar og mange fine kransar og hjerter til grav.
Ynskjer alle hjarteleg velkommen!
Ingvill

Brudesamling på BLOK

 
 
For ei stund sida starta eg på BLOK.
BLOK – Blomsterdekoratørenes opplæringskontor- har forskjellige samlinger som vert holdt på Primaflor i Åsane. Samlingane er temabasert og sist var det brudesamling. Der lærte eg forskjellige teknikker, som ofte vert brukt i forbindelse med brudebinderi. 
Eg har jo ikkje jobba med blomster før vi starta butikken anna enn litt på hobbybasis i lag med Ingvill, og har til no egentlig bare hatt kreativiteten til å hjelpe meg, og selvfølgelig det Ingvill har lært meg!
Derfor er det veldig lærerikt for meg å vere med på desse samlingane :-) Eg er jo der i lag med lærlinger fra forskjellige blomsterbutikker i Bergen og omegn. Og nokre eldre som meg sjølv :-) Så det er veldig inspirerande og eg kjem tilbake i butikken etter endt veke med mykje ny giv og inspirasjon innabords!!
 
-Her kjem eit lite bildedryss fra samlinga,
litt som eg har produsert og litt dei flinke andre produserte-
 
 
 
 
Laga av meg:-)

 
Kule med Krysantemum, dekoret med Dendrobium og heng av roseblader, Hortensia og Hyacint.
 

 
Denne har Liv Dahl laga, ho er ei av intruktørane på BLOK :-)
 

 
Blomstersmykke laga av Silje Tholo, som er lærling hos Toppe Blomster Oasen
 

 
Orginal brudebukett laga av Knut Sætre
 

 
Nærbilete av buketten til Knut, kule av Krysantemum på toppen
 

 
Rosekule laga av meg:-)
Dekorert med Dendrobium orkide, Ceropegia og heng av Hyacint.
 

 
Alle måtte lage ein bukett av Tulipaner for å lære seg stifteteknikk for Tulipaner. Som de kanskje ser fekk vi ikkje velge farge på Tulipanane sjølv 😉 Den til venstre har Knut Sætre laga, den i midten har eg laga, den til høgre veit eg ikkje.
 

 
Denne flotte vifta har Ingvild Revheim, som er lærling hos Bogrønt Litland laga. Tanken hennar var at det skulle vere bukett til ei kinesisk brud :-)
 

 
Denne flotte buketten av Nellikar har Cecilie Torsvik laga ho eig og driv Blomsterbua i Øygarden.
 

 
Denne stilige «veska» har Tone Helen Skår Hansen laga, ho er læling hos Soltrand Blomster.
 

 
Dette «armbåndet» har Silje Tholo laga:-)
 

 
Nærbilete av «armbåndet», ho har brukt Vårlyng, Kryanstemum og Helleborus :-)
«Stativet» har ho laga av myrtetråd

 
Denne veska har Elin Tysdal laga. Ho er intruktør og veileder på BLOK.
 

 
Denne fargesprakande, har også Elin laga. Den syns eg seier litt om korleis Elin er! Ho er ein superblid fargeklatt :-) Eit herlig menneske :-)
 

 
Tilslutt, kule av Nellikar laga av Ingvild Revheim :-)
 
 
Det vart laga fleire buketter, så dette er bare eit utvalg. Alle måtte laga ein tulipanbukett, og så skulle vi forberede og planlegge minst to buketter/brudearbeid til denne samlinga :-)
 
No har bryllupsseongen starta for fullt og Blomstervekstaden har allerede hatt fleire bryllup i år, noko som er kjempekjekt! Og litt opplæring på BLOK kjem godt med for meg :-)
Skal du gifte deg? Eller kanskje du kjenne nokon som skal gifte seg?
-Ta kontakt med oss- :-) 
 
Ailin

Inspirasjonskveld:Tema bryllup og festbord (Del 2)

Her kjem resten av bilda frå inspirasjonkvelden me var på, med ein av våre leverandørar, Nilsen Dekor. Temaet var dekor til bryllup- og festbord. Dyktige Camilla Dversnes frå Camillas Blomsterdesign i Kristiansand, trylla fram de lekraste borddekorasjonar, nokre brudebukettar, og var til inspirasjon på mange måtar. Ho har laga alle arbeid de ser på bilda.
 
 
 
Kvistar med Syringreier, i enkle vasar. Vårleg og lekkert!

 
Mange små glass og vasar med blomster i lillatonar. Kan setjast på bordet i grupper.

 
Lilla borddekorasjonar.

 
Romantisk brudebukett.

 
Glassbollar med sølvhjerter, roser og strå.

 
Sommarlige borddekorasjonar i forskjelige størrelsar.

 
Til slutt eit blomstersmykke, superflott til fest! Blomstrane kan skiftast ut, sånn at smykket kan brukast fleire gonger. Skal du gifte deg, kan jo det vere fint at forlovaren har eit slikt blomstersmykke? Me lagar smykke i mange ulike fargar og design, ta kontakt ved spørsmål :)
 
 
Ingvill&Ailin

Inspirasjonskveld:Tema bryllup og festbord (Del 1)

 
I forrige veke inviterte ein av våre leverandørar, Nilsen Dekor, til bryllup- og festbords inspirasjonskveld. Dyktige Camilla Dversnes frå Camillas Blomsterdesign i Kristiansand, trylla fram de lekraste borddekorasjonar, nokre brudebukettar, og var til inspirasjon på mange måtar. Ho har laga alle arbeid de ser på bilda. Veldig kjekt med slike kveldar, nye idear veks fram, og å treffa andre «blomsterfolk» :)
 
 
Lekre syrintre…

 
Brudebukett med tulipanar og blonder.

 
Enkle vasar med blomsterstilkar vert effektfullt, når ein set fleire saman.

 
Fine borddekorasjonar i forskjellige størrelsar, i vår-sommarfargar.

 
Anemoner er så fine!!

 
Syrin og Fresia.

 
Kvitt, grønt og sølv….lekkert!!

 
 

 
Fresia og Fritellaria.

 
Runde glasskåler, med strå og blomster i kvitt og grønt.

 
Liljekonvallar i glass, pynta med perler og hjarter, veldig fint å bruke til både konfirmasjon og bryllup i april/mai.

 
 

 
Liljekonvallar vert å finna i butikken om få dagar :)

 
Fleire små glassvasar satt saman, og pynta med Gypsophila og Lijlekonvall.
 
 
Camilla viste oss endå fleire arbeid, desse i lilla/rosatonar. Så om kort tid kjem eit innlegg til med bilder av resten 😉 😉
 
 
Ingvill&Ailin