Nostalgi…..

Eit av mine kjæraste barndomsminner, er at eg plukka bøkehamsar ilag med bestemor. Rett bakom blokka der besteforeldra mine budde stod eit svært bøketre, og under det stod ein benk og eit leikeapparat.
Mykje av tida ilag med bestemor blei tilbrakt i nærleiken av ein skog, eit tre, ei busk, eller ein blomst, og nasa var alltid retta mot jorda…  
Bestemor hadde stor skaparglede, holdt alltid på med eit eller anna. Porselensmaling, rosemaling, hekling, sydde noko, sådde frø, stelte med blomster og plantar. På eit tidspunkt fekk ho til og med ei rose oppkalla etter seg. «Fru Michelsens månerose».
Det er ingen tvil om at mykje av mi skaparglede kjem ifrå bestemor, og at mine kreative anlegg er arva hjå henne.
Det same gjeld blomstergleden, og mykje av kunnskapen om plantelivet.
Et av de første latinske blomsternavna ho lærte meg, Helleborus Niger, som er Julerose, er idag ein av mine absolutte blomster-favorittar.
Det eg egentlig skulle skrive om, var desse kulene av bøkehams. Det er mangemange år sidan eg laga den første, og det har blitt eindel sidan den gong. Nytt i år er desse kjempestore :)
Treng nødvendigvis ikkje pakkast vekk etter jul, dei er fine heile året. I butikken min, Blomsterverkstaden i Smedbrekka på Manger, har eg desse kulene i tre størrelsar. De aller største har eg kun to av, og eg kan med sikkerhet sei at om da skulle vere behov for fleire, treng døgnet fleire timar før jul!
Fin julegåve kanskje?
Ingvill.

Eg er så glad…

…i desember! Desember er ei herlig tid i blomsterbutikken,til tider hektisk, men det er jo så gøy! Butikken er fylt med lekre blomster,og julepynt i all slags fargar og stilar. Ugler, fluesoppar, istappar og snøfnugg…Nissar, englar, fuglar og kuler… Rødt, kvitt, sølv, gull, lilla og brunt. Glitter og stas :) 





Skjønne fluesoppar i keramikk til telys; 79,-



Lekker stor fluesopp i glass, vart solgt før eg eingong rakk å legga den ut… :) På sida står Stovegran, fin grønn plante, ser ut som eit juletre, så den passar fint no i desember!
Fiiiiine!
Ein vakker dørkrans hører jula til, Blomsterverkstaden lagar i mange forskjellige størrelsar og med ulike fargar og dekor. Bildet viser ein tradisjonell dørkrans med Nobelgranbar, lerk, konglar, dompapar og sjølvsagt raud sløyfe :)
Kule Stovegranar :)
Blomsterverkstaden lagar julegrupper og pyntar juleblomster i mange ulike variantar. Hjå oss finn du noko for einkvar smak:) Me leverar blomster i  Radøy, og formidlar blomster til heile Norge.
Ynskjer du å bestille blomster, ta kontakt på telefon 56370200 eller send ein epost til post@blomsterverkstaden.no
Sjå og heimesida vår www.blomsterverkstaden.no
Ingvill

Jula nærmar seg…

Allerede til helga er november over, og me går inn i julemånaden desember… Ei herlig tid, med fin stemning. Blomsterverkstaden har fått på plass det meste av julepynt og dekor, noko av det kan du sjå på julemessa i Radøyhallen på Manger i helga, ellers er du hjarteleg velkommen ein tur i Smedbrekka i butikken. Iløpet av neste veke kjem og nokre av juletrea eg merka tidlegare i høst. Sjølvsagt med konglar og! Her kan du lesa juletreinnlegget frå ifjor :) 

Lekker julepynt i tre fra Nordal. Sett med 4 design, 3 av kvar.
Fine englar i kvitt og sølv. 3 størrelsar
Blomsterverkstaden har stort utvalg av kransar til dør og vegg, inne eller ute. Her er ein med kvist og konglar.
Knallfine kvite kjeglenissar med grått skjegg. Heile 60 cm høge kostar 429 :)
Å lage kuler av bøkehams, har eg gjort i mange år. I år har eg også laga nokre skikkelig store :)
Mykje fin julepynt i glass,mellom anna desse snøkrystallane. Har også istappar,og glassfuglar.
Fin hest i lett-cement.
Kronhjortar i to størrelsar, skikkelig fine!



Lekre soppar i to størrelsar i ubehandla keramikk. Sa eg at de va lekre?!



No til helga, lørdag 30. november er det Julemesse i Radøyhallen på Manger,
fra 12-17!
Blomsterverkstaden er på plass, med stort utvalg i dørkransar og hjerter, mykje fin julepynt, juleblomster, adventsblomster, plantar til trapp og inngangsparti, dekorasjonar og mange fine kransar og hjerter til grav.
Ynskjer alle hjarteleg velkommen!
Ingvill

Hage og interiør

 
 
Litt stille på bloggen siste tida, men med konfirmasjon, 17.mai, og andre ting som skjer, vert da av og til slik:) Fleire bryllup har me også vert i sving med, eigne innlegg om dette kjem! Blomsterverkstaden har eigen uteavdeling, som no bugnar av lekre sommarblomster, staudar, vintergrønne busker, urter, jordbærplantar, forskjellige tre og busker. Og når det er så deilig ver som det har vert idag, er det so kjekt å pusle med uteplantane:) Skikkelig sommarsdag! Staudeutvalget kjem me også til å skrive litt om, men kan sei sopass at alle er valgt ut ifrå eigen erfaring, både med hensyn til hardførhet, korleis de oppfører seg, og de fleste er valgt med tanke på at sniglane ikkje skal la seg begistra so veldig….. :) Syns godt dei kunne ete utelukkande løvetann!
 
Ein av levarandørane våre i Danmark har desse veldig fine etasjefata, med heile fem høgdar. Nokon ville gje eit slikt i bryllupsgåve, med noko ekstra.

Me valde å laga Chrysanthemum-kuler i ulike størrelsar tilpassa de ulike fata. Reint og enkelt, men samtidig noko meir

Me har tidlegare hatt denne pokal-potteserien i sølv, som mange har fått glede av, no har me også fått den i kvitt! Superfine!

Her ser de den i sølv, fått ny ladning! :))

Deilige Stemorsfiolar i lysegult… Ååååå so vakre!
Kremgule Potteroser som matchar Stemorsfiolane..

Sink-potter med fugl og Magnolia-trykk i to størrelsar.

Brunt smijernsstativ til potte med VELCOME skilt. Korger i mange ulike størrelsar har me, og sjølvsagt flotte busk-Margerittar.

Stilige hage-ugler, 40 cm høge.

Staselige sink-urner i størrelsar, med løve-ring på sidene, og bord oppe. Store!

Og lekre sommarfugl-Lavendelbusker. Blomstrar heile sommaren!

Krone-espalier i to størrelsar til klatreplanter. Denne veka fyller me opp med mange ulike klatrarar; Clematis, Lonicera, Eføy, Pasjonsblomst og ikkje minst Blodbeger. Fantastisk riktblomstrane, i lekker raudlilla farge.

Me har også eit godt utval med Rhododendron, «Markeetas Prize» mellom anna, som blomstar no, med gigantiske blomstrar!

Til slutt ein av årets favoritt-nyheiter, SVARTE Petunia!!!! Og for ein av oss som elskar svarte blomster; FOR ein glede!! :)))))))
Ynskjer alle hjarteleg velkommen innom til oss, har du spørsmål rundt hage/bed/plantar ta kontakt, me hjelper deg gjerne! :)
Ingvill&Ailin