Nostalgi…..

Eit av mine kjæraste barndomsminner, er at eg plukka bøkehamsar ilag med bestemor. Rett bakom blokka der besteforeldra mine budde stod eit svært bøketre, og under det stod ein benk og eit leikeapparat.
Mykje av tida ilag med bestemor blei tilbrakt i nærleiken av ein skog, eit tre, ei busk, eller ein blomst, og nasa var alltid retta mot jorda…  
Bestemor hadde stor skaparglede, holdt alltid på med eit eller anna. Porselensmaling, rosemaling, hekling, sydde noko, sådde frø, stelte med blomster og plantar. På eit tidspunkt fekk ho til og med ei rose oppkalla etter seg. «Fru Michelsens månerose».
Det er ingen tvil om at mykje av mi skaparglede kjem ifrå bestemor, og at mine kreative anlegg er arva hjå henne.
Det same gjeld blomstergleden, og mykje av kunnskapen om plantelivet.
Et av de første latinske blomsternavna ho lærte meg, Helleborus Niger, som er Julerose, er idag ein av mine absolutte blomster-favorittar.
Det eg egentlig skulle skrive om, var desse kulene av bøkehams. Det er mangemange år sidan eg laga den første, og det har blitt eindel sidan den gong. Nytt i år er desse kjempestore :)
Treng nødvendigvis ikkje pakkast vekk etter jul, dei er fine heile året. I butikken min, Blomsterverkstaden i Smedbrekka på Manger, har eg desse kulene i tre størrelsar. De aller største har eg kun to av, og eg kan med sikkerhet sei at om da skulle vere behov for fleire, treng døgnet fleire timar før jul!
Fin julegåve kanskje?
Ingvill.

Eg er så glad…

…i desember! Desember er ei herlig tid i blomsterbutikken,til tider hektisk, men det er jo så gøy! Butikken er fylt med lekre blomster,og julepynt i all slags fargar og stilar. Ugler, fluesoppar, istappar og snøfnugg…Nissar, englar, fuglar og kuler… Rødt, kvitt, sølv, gull, lilla og brunt. Glitter og stas :) 





Skjønne fluesoppar i keramikk til telys; 79,-



Lekker stor fluesopp i glass, vart solgt før eg eingong rakk å legga den ut… :) På sida står Stovegran, fin grønn plante, ser ut som eit juletre, så den passar fint no i desember!
Fiiiiine!
Ein vakker dørkrans hører jula til, Blomsterverkstaden lagar i mange forskjellige størrelsar og med ulike fargar og dekor. Bildet viser ein tradisjonell dørkrans med Nobelgranbar, lerk, konglar, dompapar og sjølvsagt raud sløyfe :)
Kule Stovegranar :)
Blomsterverkstaden lagar julegrupper og pyntar juleblomster i mange ulike variantar. Hjå oss finn du noko for einkvar smak:) Me leverar blomster i  Radøy, og formidlar blomster til heile Norge.
Ynskjer du å bestille blomster, ta kontakt på telefon 56370200 eller send ein epost til post@blomsterverkstaden.no
Sjå og heimesida vår www.blomsterverkstaden.no
Ingvill

Eg syns at…

….lilla blomster er så fine!
Snart 2. søndag i advent, denne første veka i adventstida har flydd avgårde.
Lilla har vert fargen denne veka, viser idag nokre av de lilla blomsterarbeida :)
Dekorasjon med Memory Lane roser, lilla Vanda orkidear, voksblomst og lilla stjerner.
Desse stjerneskålene i glass har vert veldig populære, men har enno nokre få igjen :)
Her med dekorasjon i kvitt og lilla.
Anthurium er knallfine, og veldig undervurdert syns eg egentlig… De kjem i mange fine fargar,og står lenge :)
Denne dekorasjonen var til nybakte besteforeldre!
Adventsdekorasjon i lys lilla og kvitt, med lekre lys lavendelfarga vanda-orkidear.
Lilla julestjerner får du no til kun 49,-
Stor bukett med lilla nellikar og voksblomst, med et par englevinger til ei nybakt mamma…. Y
Kondolanse-bukett med kvite Amaryllis og lilla Vandaorkide.
Nellik «Moonlite»
Dekorasjon i lys lilla og grønt.
Englepar i kvitt og sølv.
Kvite englejenter.
Butikken bugnar no av blomster til advent og jul, julepynt, kranser til dør og grav.
Sjå og heimesida til Blomsterverkstaden AS : www.blomsterverkstaden.no
Og ynskjer du å bestille blomster, gjer du det enkelt på telefon 56370200 eller på epost
Ynskjer alle i fin helg,og fortsatt fin adventstid!
Ingvill 

Jula nærmar seg…

Allerede til helga er november over, og me går inn i julemånaden desember… Ei herlig tid, med fin stemning. Blomsterverkstaden har fått på plass det meste av julepynt og dekor, noko av det kan du sjå på julemessa i Radøyhallen på Manger i helga, ellers er du hjarteleg velkommen ein tur i Smedbrekka i butikken. Iløpet av neste veke kjem og nokre av juletrea eg merka tidlegare i høst. Sjølvsagt med konglar og! Her kan du lesa juletreinnlegget frå ifjor :) 

Lekker julepynt i tre fra Nordal. Sett med 4 design, 3 av kvar.
Fine englar i kvitt og sølv. 3 størrelsar
Blomsterverkstaden har stort utvalg av kransar til dør og vegg, inne eller ute. Her er ein med kvist og konglar.
Knallfine kvite kjeglenissar med grått skjegg. Heile 60 cm høge kostar 429 :)
Å lage kuler av bøkehams, har eg gjort i mange år. I år har eg også laga nokre skikkelig store :)
Mykje fin julepynt i glass,mellom anna desse snøkrystallane. Har også istappar,og glassfuglar.
Fin hest i lett-cement.
Kronhjortar i to størrelsar, skikkelig fine!



Lekre soppar i to størrelsar i ubehandla keramikk. Sa eg at de va lekre?!



No til helga, lørdag 30. november er det Julemesse i Radøyhallen på Manger,
fra 12-17!
Blomsterverkstaden er på plass, med stort utvalg i dørkransar og hjerter, mykje fin julepynt, juleblomster, adventsblomster, plantar til trapp og inngangsparti, dekorasjonar og mange fine kransar og hjerter til grav.
Ynskjer alle hjarteleg velkommen!
Ingvill

Tilbud på haustplantar, og salg på hageplantar!

Framover har Blomsterverkstaden salg på hageplantar, staudar og busker.
Store staudar -50% og alle små staudar 5 stk for kun 100,-!
Halv pris på hageroser, lauvfellande busker som Spirea, og på solbærbusker. I tillegg er det halv pris på alle vintergrøne busker, og minus 70 % på ein serie korgpotter.
Ellers har me mykje fine haustplantar 3 for 100,-
Så gode mulighetar for mange gode kupp!
September og oktober er fine månader å plante i, de rekk å rota seg godt i bakken før frosten kjem, og de kjem då tidleg i gang til våren igjen. Vinn-vinn :)
 
 
Knallfine busk-Calluna lyng, store tofarga kvit/lilla kun 149,-
 
Lekre Sølvtråd, Calleophesalus, står fint utover vinteren og:)
3 stk for 100,-
 
 
Sjeldant flott fleirårig lyng Calluna «Lemon Lime» i lysande gul-grønn farge med lyserosa blomster! 3 stk for 100,- 
Har og fine hjerter og kransar til dør eller eventuelt grav no på hausten, bildet viser ein dørkrans med kvit lyng, og skjønn liten fugl:)
 
Kvite Pyntekål 2 for 100,-
 
 
Flotte frynsete lilla Pyntekål 2 for 100,-
 
 
Halv pris på store stauder, her lilla Høstfloks.
 
 
Ettårig lyng, Erica, med kraftig rosa farge 3 for 100,-
 
 
Haustanemone i lys rosa.
 
 
Knallfine Takløk med #spindelvev», alle Takløk og Sedum 3 for 100,- Desse er og fleirårige, og likar seg på tørre, skrinne stadar.
 
 
Idag, lørdag, har me ope til 15.00, velkommen innom for trivelig hagehandel, og gode råd får du med på kjøpet 😉
 
 
Ingvill

Fredag!

….og regn… Jaja, da e jo ein veldig god unnskyldning for å unna seg blomster til helga, og tenne lys i høstmørket. :) Bilder fra butikken idag, og igår kveld. Ynskjer alle ein fin fredag!
Ingvill

Interiør…blomster…

…og snart VÅR !
Åh kor deilig da e med lysare morgonar, og enda bedre; lenger lys om ettermiddagen. Utanfor i jorda står krokusane og dirrar, kan nesten ikkje vente med å skyta opp og fram…. Heldigvis kan me juksa litt mens me ventar, og i butikken har me no både perleblomster, krokus og fylte tatzettar som duftar so deilig! I tillegg kjem da til stadighet nye og «freshe» interiørvarer, og da e jo så gøy! Fargar gjer oss GLAD! :) :) :)
 
 
 
Veldig lekkert lysbrett i ein fantastisk turkisfarge!

 
Kvite sinkbøtter i to størrelsar, Perleblomster oppi passar perfekt!

 
Kvisthjarte med Perleblomster på løk, heldt seg leeenge ute.

 
Perleblomster er favoritten akkurat no :)

 
Superfin klokke, 50 cm i diameter 399,-

 
Lykt til å henge på vegg, gråbrun med kronetopp! 50cm.
 

 
Fylte rosa Tulipanar… :)

 
Sommarfugl i brunt metall, kan og henge ute. 40 cm.

 
Sommarfugl som har landa på eit mosehjarte.

 
Friske Phaleanopsis orkidear til kun 199,-

 
Sink-ampel med fransk lilje under…FINE!

 
Betong-urne, fransk stil, med kvit Multiflora Phaleanopsis.

 
Ein svær fugleflokk har landa i butikken, her er ein av dei!

 
Bad til fuglane, egentlig…Men desse var so fine at de kan brukast inne til fruktfat, lysfat eller til blomster!

 
Skilt 99,-  :) :)
 
 
Ynskjer alle fine «mens me ventar på våren» dagar!
 
 
Velkomen innom butikken!
 
Ingvill&Ailin

Vår i butikken

 
Sjølv om snøen på nytt har lagt seg over landskapet ute, har me butikken full av blomster i lekre vårfargar…  Så kan me i hvertfall nyta tida inne, enn så lenge…
 
 
Hortensia i lilla-rosa sjatteringar, kjempestore! :)
 
Fiiiine!

 
Bukett med Hyacintar, roser og voksblomst…

 
Holdbar plantegruppe med fylt ildtopp, elefantfot og stor sukkulent.
 

 
Kjempefine roser «Sanaa». Bukett med Limonium og bjørk.

 
Tom lysestake? Plant ein sukkulent oppi! Enkelt og stilig.

 
Tulipanar er og sjølvskrivne på denne årstida, akkurat no har me og disse fylte kremfarga… sooo fine!
 
 
Ynskjer alle ei fin helg!
 
Ingvill&Ailin
 

Sola sin farge…

 
…gjer oss glad! Herlige nyansar av gult, aprikos og kvitt lyser opp i heimen no på vinterkveldane. Og Primula og tatzettar som spreier duft som lovar vår.
 
 
Viser nokre bilder frå butikken i de deilige fargane..

 
Lysegule Vanda-orkidear med lang haldbarheit. Fint med ei lita grein i ein vase, eller ei enkel klokke i ei skål…

 
Me har fått eindel store grønplanter i butikken, av den sorten som ikkje krever allverdens med stell :)

 
Sukkulentar, som ikkje treng spesielt mykje vatn, har me eit godt utval av:)

 
Lekre?

 
Syngonium «Red Heart». Dekorativ grønnplante med sart rosa, hjerteforma blad.

 
Til slutt eit bilde av den eksotiske Cambria orkideen «Tropical Jungle». Utrulig riktblomstrande, og den har herlig svak duft av vanilje. Likar litt meir vatn enn vanlege Phalaenopsis orkidear, og trives på ein lys stad. Det er og lett å få den til å blomstre igjen. :)
 
 
Ingvill&Ailin
 
 

Endelig 2013..og vel so da…:)

Så er me altså 23 dagar inn i det nye året! Synest det er godt med eit nytt år, nye mulighetar, og uendelig mykje tid til å få utretta alt ein har lyst til…eller? :) Tida går fort, og å oppdatera bloggen måtte til stadighet prioriterast vekk for andre oppgåver. Papirarbeid for eksempel……og vareteljing….heldigvis nesten eit heilt år til da skal gjerast igjen :) :) Viser idag nokre arbeid me har laga, og litt bilder frå butikken,  som strålar av vår:)
 
 
Frisk plantegruppe, med orkide’, eføy, Anthurium og Primula. Deilig med gult, som lyser opp:)

 
Primula er sjølvskriven i butikken på denne årstida. Me har den i mange fargar, og dei duftar deilig! Det er mange som trur at det er vanskelig å få til primula, men sannheita er at det ikkje er meininga at den skal vare i månadsvis… Meir som bukett på rot :) Litt lengre står dei, dersom den blir plassert kjølig nattestid. Og når blomstringa tek slutt, ta vare på planten til den kan plantast ut i hagen, og året etter blomstrar den med  stor sannsynlighet i hagen:)

 
Utrulig dekorartive Crassula, som har fått naturens potte, til å hengja i vindauga, eller annan lys stad.
Tåler lange periodar med lite vatn:)

 
Mykje lekkert ifrå Nordal og Wikholm i butikken no. Den lekre duse rosafargen er kjempepopulær, og snart kjem den fine potteserien i same farge!

 
Turkis er og tidsriktig, sooo deilig med knæsje fargar som set fart i humøret allereie med morgonkaffien! Frokostserviset med tøft mønster frå Nordal kan skaffast i eit stort utvalg fargar. Ta ein kikk i Nordal sin Vårkatalog :) Finn du noko du likar, ta kontakt for eventuell pris og bestilling.

 
Til slutt eit bilete av den skjønne Narcissus TA «Ziva» paperwhite, som duftar deilig! Dette er ein løkplante, fin å ha inne no som ein forsmak på våren, og seinare plantar du den ut i hagen. Oppfører seg som påskeliljer :)
 
 
Ynskjer alle fine vinterdagar!
 
 
Ingvill&Ailin