Valentins Dag ♥

I morgon 14. februar er det VALENTINS DAG-alle hjerters dag… ©
 
Ein perfekt anledning til å gje blomster til nokon du er glad i. Enten det er verdens flottaste kjæreste, sambuar, kåna eller mann. Eller nokon andre du er glad i…
 
Rosespråket fortel oss dette om antallet:
 
3 røde roser: Eg elskar deg
7 røde roser: Eg er din for evig
12 røde roser: Sterkare kan eg ikkje uttrykka min kjærleik
 
Me har raude og kvite roser i fleng, og lagar til kva hjarte begjærar…
MemoryLane roser har me sjølvsagt og :)
 
Ynskjer du at me leverar Valentins-blomster heim på døra til nokon, leverar me i Radøy.
 Ring og bestill blomster til nokon du er glad i på 56370200, eller send oss ein epost: post@blomsterverkstaden.no
Her ser de nokre bilder av kva Blomsterverkstaden kan tilby.
 
Ynskjer alle ein flott VALENTINS DAG! 
 
Ingvill
 
 Hjartenåler til å setje i blomster…
 
Raud bukett med roser, greinroser, nellik og sølvhjarte.
 
 Red Naomi roser.
 
 Lekre vasar pynta med hjarte i filt, med raude roser i :)
 
 Dekorasjon i hjarteskål med ulike raude blomster.
 
 Dekorasjon med raude roser.
 
 Rosa Potteroser i raud potte, pynta med filthjarte.
 
 Fiiiine hjartevasar, dekorert med grønt, raude roser og hjarter.
 

Stengd…

i veke 5.
av ulike årsakar held Blomsterverkstaden stengd 27.januar til 2. februar.
Telefon og mail vert besvart som vanleg, og ynskjer du å bestille blomster som skal leverast, kan du det:)
Butikken er open som vanleg frå 3 februar.
Lurar du på noko,  send gjerne ein mail:
Ingvill

Tulipanens dag!

 
Tulipanens dag 17. januar

Tulipanen er svært populær i Norge, så populær at tulipanen har fått sin eigen dag. Dagen er fredag 17. Januar og denne dagen markerar starten på tulipansesongen. Blomsterforretningar over heile landet vil bugne over av friske tulipaner i alle fargar, Norges mest populære snittblomst.
En halv million tulipanar om dagen
I overkant av en halv million tulipanar om dagen, så mange tulipanar kjøper nordmenn i tulipansesongen. Tulipansesongen strekk seg frå desember til april og totalt ver det seld 80 millioner tulipanar. 
Tulipanens dramatiske historie
Ingen annen blomst har hatt så stor innflytelse på politikk, økonomi og kultur som tulipanen. Den kom fra Asia til Europa på 1500-tallet og ble raskt populær blant franske hoffdamer så vel som kjøpmenn. Tulipanen ble faktisk så populær at den i Nederland forårsaket hysteri og til slutt børskrakk. I dag er det en solid industri og tulipanen er blitt en blomst for alle.
Kort vei fra gartnaren til din vase
Så godt som alle tulipaner som vert seld i Norge, er produsert av norske gartnere. På den måten er det ein veldig kort vei fra gartnaren til blomsterforretningen og heim til deg. Dette gjer at kvaliteten sikrast og at du som forbruker kan få lengre glede av tulipanane du kjøper
 Tulipantips
  • Kjøp tulipanene i godt utvikla knopp med farge.
  • Ta tulipanene ut av papiret, men ha plasten på de første timane.
  • Snitt tulipanane (en-to centimeter) rett over. Helst under rennande vatn.
  • Sett tulipanane i en rein vase i lunka vatn. La dei stå kjølig de første timane.
  • Ta deretter av plasten og sett tulipanane i vasen med max ti centimeter kaldt vatn. Ha gjerne i holdbarhetsmiddel for løkblomster.
  • Set blomstrane kjølig kvar natt, da heldt dei seg lenger
Kilde:Primaflor.no

 

 

 
 Blomsterverkstaden har no deilige bukettar med 
30 tulipanar for kun 169,-
og Primula 3 for 69,-
Ynskjer alle ei blomstrande fin helg!
Ingvill

Eg lurar på om alle..

…er i havn med julegåvene? Om ikkje har Blomsterverkstaden mykje lekkert interiør!
Tøff pute frå Nordal med tigermotiv 299,-
Metallboksar med tall frå Nordal i 3 størrelsar 249,- 349,- 449,-
Kvite nissar i rå-keramikk liten 139,- stor 179,-
Nesten 60 cm høge keramikknissar 429,-
Lekre glassvasar med fugl på frå Nordal.
Lekker STOR klokke (ca 1  m i diameter) 1699,-
Har kun ei igjen!
Vindusprosse, nostalgisk 60 x 80 cm  599,- 1 igjen!
Skjønne hestar i lett-sement
Lekre soppar i to størrelsar, ca 10 cm og 20 cm,  59,- og 119.-
Og sjølvsagt finn du mykjemykje meir…
Ta kontakt om du lurar på noko!
Ingvill 

Juletre og opningstider!

No er alle sortane med juletre komen på plass :) Blomsterverkstaden har Koreaeldelgran, Fjelledelgran, Normannsedelgran, Engelmannsgran og norsk gran i utvalet. Koreaedelgrana har som mange kanskje huskar frå i fjor, KONGLAR! :)
Trea er lokalprodusert, på Radøy!
:)
Opningstidene vert slik fram til jul:
Måndag-Fredag 10.00 – 20.00
Laurdag 10.00 – 16.00
Søndag 13.00 – 18.00
Lille Julafta 10.00 – 20.00
Julafta 10.00 – 13.00
Ellers har me stort utval i juleblomster, julegrupper, gravkransar,dørkransar, gravlykter, gravdekor, fuglenek, sypressar og andre hageplanter til trappa, stort utvalg snittblomster, bukettar og dekorasjonar, interiør, og sjølvsagt sel me gåvekort!
Blomsterhelsingar bestiller du enkelt på 56370200, eller send ein epost til post@blomsterverkstaden.no
Sjå og heimesida www.blomsterverkstaden.no
Ynskjer alle ei fin veke!
Ingvill

Mose, Lerk og kvite Tulipanar…

…saman i ein lekker krans. Sorgbinderi er ein del av kvardagen i ein blomsterbutikk, og for mange kundar betyr desse arbeida mykje.
 Blomsterarbeidet skal symbolisere ei siste helsing, og vere med på å uttrykkje dei kjensler ein har, for personen som no ikkje er meir.
For meg som blomsterdekoratør, er det derfor viktig å skapa arbeider med det rette uttrykket.
Til denne kransen var stikkordet vakker.
Naturmateriale som lerk og mose, ilag med kvite tulipanar, føltes riktig til denne kransen, både med tanke på kven den var til, og kven den var frå.  
Materialkontrasten, mellom lerk og tulipanar,
 synes eg berre er så fin.
Y
Blomsterverkstaden lagar alle typar sorgbinderi, kistedekorasjonar, ulike kransar, hjartekransar, hjarter, puter, rondellar, tepper og bårebukettar. Med eller utan sløyfe.
Leverar til Manger, Hordabø, Sæbø og Emigrantkyrkja på Sletta. Ynskjer ein levering til andre nærliggande kyrkjer, ta kontakt. Vil du hente sorgbinderi og ta det med deg til kyrkja, kan du sjølvsagt også det.
På Blomsterverkstaden si heimeside ligg eit eige bildegalleri med sorgbinderi.
Har du spørsmål, nøl ikkje med å ta kontakt. 56370200.
Ingvill

Farsdag på søndag!

Førstkommande søndag er det farsdag :) Blomster gledar FAR, og Blomsterverkstaden har stort utvalg i ulike bukettar og plantar. Me leverar blomster i heile Radøy, og kan bringa di blomsterhelsing til far heim på døra! Bestill enkelt på telefon 56370200 eller send ein epost til oss:)

Bukett med raude Roser, Hortensia, mosekuler,nellik, strå og hjerter. 299,-
 
Lekre langstilka raude roser, 7 stk for 169,-

Amaryllis fins i mange lekre fargar, og er jo så holdbare! Sesongen er forholdsvis kort, så det er berre til å benytta muligheten men ein kan! Ein lekker bukett med 2-3 Amaryllis og litt pynt til skulle gjera nokon glad 😉

Ein av mine absolutte favorittar, Vanda orkide «Chocolate» Lekker farge med fint mønster, og så står de jo sååååå lenge! 

Den perfekte Farsdagsgåve?



Kvit orkide med moseklump i lekker glassvase, pynta med hjerter.




Amaryllis «Mocca»  49,-



STORE  flotte kvite Azalea :)







Store plantar med Novemberkaktus



Ope fredag 10.00- 19.00
Laurdag 10.00-15.00
Ynskjer alle ei fin helg og ein kjekk farsdag:)
Ingvill

Halloween!

I morgon 31.oktober, er det Halloween. Ikkje nødvendigvis ei stor høgtid her heime, men mange synes det er artig å pynte opp heime i de fargane som er blitt karakteristiske, oransje og svart. 
Små fine svarte vasar til 39,- oransje roser, pynta Nerthera I glassbolle 119,-

Fine svarte lykter med hjerteglass foran 79,-

Svarte skåler med Nerthera og oransje Germini. 
Oransje Germini med svart auge :)
Dei fine plantane med Nerthera, får du og kjøpt laust til kun 59,-
Ynskjer alle ein fin 31.oktober! Blomsterverkstaden er open 10-19, velkommen!
Ingvill

Magnolia – Urtidstre

 
 

Praktmagnolia

Magnolia x soulangeana

Dette er eit lauvtre eller ei busk med opprett vekst, og kan bli ein kraftig, flott Magnolia. Denne Magnoliaen vert mellom 3 og 5 meter høg, men kan og beskjærast for å redusera storleiken. Blomstrane har «tulipanform», er krem-rosafarga, og blomstrar på bar kvist, eller akkurat når blada sprett i mai. I tillegg duftar blomstrane godt :)
Magnolia x Soulangeana trivest best på ein vekseplass med mykje lys. Den likar sur jord, men føretrekkjer humusrik, kalkfattig jord.

 

Stjernemagnolia

Magnolia stellata

Denne sorten har tett og brei buskform, og blir ca. 2–3 meter høg. Blada er kraftig grønne, med bølgete kant. Blomstrane er kvite og store, 7-8 cm. Som oftast blomstrar den i april, på bar kvist. 
Også denne likar mykje lys. Likar seg med humusrik jord, på ein lun vekseplass.

 

Magnolia ‘Susan’

Magnolia ‘Susan’

Dette er ei busk med vanlig opprett, tett vekseform. Magnoliaen blir ca. 1,5-3 meter høg.
Den har stive kvistar, blomstar med mørkerosa/lilla blomster i mai-juni. Som andre magnoliar trivst den på lun solrik plass, med kalkfattig jord.
 
Me har alle desse tre Magnoliaen i butikken no, og framover er dei på tilbud;
– 50%
 
 
:)
 
Ingvill&Ailin